Vi har pr.idag to sorteringsmaskiner i bruk.
Den siste som er innkjøpt er fastmontert på M/S Mowi Star og er levert frå MMC/Tendos.

Dette er ei 14 spors sorteringsmaskin med roterande ruller. Fordelen med desse rullene er at "slakk" fisk eller gytarar vil gå over brettet, og ikkje sitja seg fast som ein har opplevd på enkelte maskiner tidlegare.
Det er også montert rør over dei roterande rullene for å styra fisken på plass, slik at ein får eit best mogelegt resultat.
For teljing er det på montert 4.stk teljarar av typen Aquascan.
To teljarar for stor sortering og to for liten sortering.
Er det ønskjelegt sorterer me også i tre sorteringer.Også her med teljing.
Me har også montert to pumper (2x100m3) kun for vannføring av fisken etter teljarane. Dette gjer at me kan lett og skånsomt frakta fisken mellom 20-30 meter.
Fisken blir skånsomt pumpa opp på maskina via vacuum anlegget.
Maskina har ein kapasiet på ca.50 tonn pr.time.
Maskina egner seg for sortering av laks, aure og torsk, med størrelse frå eit par hundre gram og opp til 7-8 kg.
Våre erfaringer med maskin til no er utelukkande positive, og me har kun fått gode tilbakemeldinger frå kundane.
